Synleg, lokalt og enkelt

Vi hjelper små bedrifter i Sogn og Fjordane å bli funne på Google, synast i sosiale medium og få ei nettside som gir kundar. Til fast pris, utan fagspråk.

Du vel: vi gjer jobben, eller vi lærer deg

Vi gjer det for deg

Du får ein ferdig leveranse til fast pris, og slepp å bruke kveldane på Google, Facebook og nettsider.

Vi lærer deg det

Alle pakkar har opplæring. Du blir sjølvgåande, eig alt sjølv og er aldri bunden til oss.

Hans-Martin Martinussen smiler på tur på breen

Ikkje eit stort byrå, men ein erfaren dagleg leiar

Bak Martinussen Media står Hans-Martin Martinussen, med 15 år som leiar i bedrifter som har vakse. Han var med på å ta Frivannsliv frå 2 til 38 millionar kroner i omsetnad, og bedrifta vart kåra til Gasellebedrift fleire gonger. No hjelper han små bedrifter med det dei sjølve ofte ikkje rekk: å bli synlege og få fleire kundar.

Vi har hjelpt bedrifter som deg

Mountaingoat Guiding/Rødseter Gjestegard/Jølster Dyreklinikk/Fysikalsk Helse/A.H Bygg

«Kundane vel oss fordi nettsida ser seriøs og proff ut. Med online booking får vi fleire kundar med mindre arbeid.»

Gaute Dvergsdal Bøyum, innehavar, Mountaingoat Guiding

Usikker på kvar du skal starte?

Bestill Synleg-sjekken. Vi går gjennom nettsida, Google-profilen og sosiale medium dine, og du får dei fem tiltaka som gir mest for pengane. 1 490 kr, ferdig på éi veke.

Rull til toppen