Fem ting du bør fikse på Google-profilen din i dag

Når nokon søkjer etter det du tilbyr, er det ofte Google-profilen dei ser først – før nettsida. Her er fem ting du kan rette opp på under ein time.

Google-profilen er kortet som dukkar opp øvst i Google Maps eller til høgre i søket når nokon søkjer på bedrifta di – eller på «bilverkstad Førde» og «kafé Skei». For mange småbedrifter er det den viktigaste annonsa dei har. Og ho er gratis.

Likevel ser vi stadig profilar med feil opningstider, få bilete og feil kategori. Det kostar kundar. Søk opp bedrifta di i Google medan du er innlogga på kontoen som eig profilen, så kan du redigere direkte frå søkjeresultatet. Gå så gjennom desse fem punkta.

1. Vel rett hovudkategori

Kategorien er truleg det viktigaste enkeltvalet på profilen. Han fortel Google kva søk du skal vere med i. Vel den kategorien som skildrar kjernen i det du gjer, så presist som mogleg. «Bilverkstad» er betre enn «Bilteneste». Legg så til nokre få tilleggskategoriar for det du òg gjer, men berre dei som faktisk stemmer.

2. Sjekk opningstidene – òg på heilagdagar

Ingenting irriterer ein kunde meir enn å køyre til ei stengd dør fordi Google sa «ope». Det kan gi dårlege omtalar, sjølv frå folk som aldri har vore kundar hjå deg. Kontroller dei vanlege opningstidene, og legg inn spesielle opningstider for jul, påske, fellesferie og andre dagar du held stengt eller har kortare dag. Google minner deg ofte på dette før heilagdagane. Gjer det med ein gong.

3. Legg ut ekte bilete

Profilar med gode bilete får fleire klikk, fleire vegbeskrivingar og fleire telefonar. Mobilen held lenge. Ta bilete av inngangen og skiltet, så folk finn fram. Ta bilete av lokalet, av produkta eller arbeidet du gjer, og gjerne av deg og dei tilsette. Ekte bilete byggjer meir tillit enn bilete frå ein biletbank. Legg til nye bilete jamleg, til dømes ein gong i månaden.

4. Fyll ut skildring og tenester

Skildringa er plassen der du med eigne ord fortel kva du tilbyr og kven du hjelper. Skriv det slik kunden ville søkt. Nemn stader og tenester naturleg, utan å ramse opp søkjeord. Fyll òg ut lista over tenester eller produkt. Då ser kunden med ein gong om du har det han leitar etter, og Google får fleire signal om kva du skal visast for.

5. Svar på alle omtalane

Omtalar er blant dei sterkaste signala både for Google og for nye kundar. Svar på alle, òg dei gode. Ein kort og personleg takk viser at du bryr deg. Får du ein dårleg omtale, svar roleg og sakleg, og tilby å løyse saka. Den som les, legg meir merke til korleis du svarar enn til sjølve klaga.

Be gjerne fornøgde kundar om ein omtale. Dei fleste vil gjerne, dei treng berre ei påminning – til dømes ei lenkje på e-post etter at jobben er gjord, eller ein QR-kode på innsida av døra som kundane ser på veg ut.

Bonus: same namn, adresse og telefon overalt

Sjekk at bedriftsnamnet, adressa og telefonnummeret er skrive likt på Google-profilen, nettsida, Facebook og i andre register. Ulike variantar gjer Google usikker på kva som er rett, og det kan svekkje synlegheita di.

Vil du at vi ser over profilen for deg?

I Synleg-sjekken går vi gjennom Google-profilen, nettsida og sosiale medium, og du får ei konkret liste over kva som gir mest effekt å rette. Vil du heller at vi tek oss av heile Google-profilen, kan du lese meir om Google-tenesta vår.

Vil du ha hjelp med dette?

Start med Synleg-sjekken, så får du vite kva som gir mest for pengane. Eller meld deg på nyheitsbrevet for fleire tips.

Rull til toppen

Tips i innboksen?

Korte, praktiske råd om Google, sosiale medium og nettside for små bedrifter. Ikkje for ofte.

Ikkje for ofte, berre når vi har noko nyttig å dele. Du kan melde deg av når som helst. Sjå personvernerklæringa.