Bli ein av dei tre på kartet
Når nokon søkjer «røyrleggjar Jølster» eller «overnatting Fjærland», viser Google tre bedrifter på kartet først. Dei får dei fleste telefonane. Ein god Google-profil er ofte det billegaste tiltaket som gir flest nye kundar.
Pakkar og prisar
Google Start
For deg som ikkje har ein Google-profil, eller har ein som ikkje er oppdatert.
- Vi opprettar eller ryddar i profilen
- Rette kategoriar, opningstider, logo og bilete
- Hjelp med å verifisere profilen
- QR-kode som ber kundane dine om ei anmelding
1 990 kr
Ordinær pris 2 490 kr
Ferdig på éi veke
Lokalt synleg
For deg som vil ligge høgare enn konkurrentane.
- Alt i Google Start
- Tenester og tekstar med orda kundane faktisk søkjer på
- Like oppføringar i 1881, Gule Sider og Proff, slik at Google stolar på deg
- Eit enkelt opplegg for å få fleire anmeldingar
- 1 time opplæring, så du kan halde profilen ved like sjølv
4 490 kr
Ordinær pris 5 490 kr
Ferdig på to veker
Dette treng vi frå deg
Tilgang til e-posten som skal eige profilen, nokre gode bilete og ei liste over tenestene dine.
Klar for å bli funnen?
Alle prisar er lanseringsprisar eks. mva, gyldige for avtalar signerte innan 1. juli 2027.