Kvifor dukkar ikkje bedrifta mi opp når folk søkjer?

Konkurrenten dukkar opp i Google-kartet, men ikkje du? Her er sju vanlege grunnar til at småbedrifter fell utanfor søket, og kva du kan gjere med dei.

Du veit at kundane dine søkjer på Google. Likevel dukkar konkurrenten opp i kartet, medan du ikkje er å sjå. Det er sjeldan tilfeldig. Google vel ut kven som skal visast etter tre ting: kor godt du passar til søket, kor nær du er den som søkjer, og kor kjend og påliteleg bedrifta di verkar. Her er dei vanlegaste grunnane til at småbedrifter fell utanfor, og kva du kan gjere med dei.

1. Google-profilen er ikkje stadfesta eller fullstendig

Utan ein stadfesta Google-profil er du nesten usynleg i kartet. Søk opp bedrifta di og sjekk at profilen er din, at han er stadfesta, og at alt er fylt ut: kategori, opningstider, telefon, nettside, tenester og bilete. Ein halvferdig profil taper mot ein som er fullstendig. Les gjerne fem ting du bør fikse på Google-profilen din i dag.

2. Du har valt feil kategori

Hovudkategorien fortel Google kva søk du skal vere med i. Står det «Konsulent» når folk søkjer etter «rekneskapsførar», kjem du ikkje med. Vel den kategorien som passar best med det kundane faktisk skriv inn, og legg til nokre få tilleggskategoriar som stemmer.

3. Namn, adresse og telefon er ikkje like overalt

Google samanliknar opplysningane om deg på Google-profilen, nettsida, Facebook, 1881, Gulesider og andre register. Står det ulike namn, gamle adresser eller fleire telefonnummer, blir Google usikker på kva som er rett, og då rangerer han deg lågare.

Vi bytte sjølve telefonnummer i haust. Då gjekk vi gjennom alle stader nummeret stod: Google-profilen, nettsida, Facebook, Instagram, e-postsignaturen og nyheitsbrevet. Gjer det same når noko endrar seg hos deg, og skriv namn og adresse på nøyaktig same måte kvar gong.

4. Du har få eller ingen omtalar

Omtalar er eit av dei sterkaste signala Google har. Ei bedrift med 25 gode omtalar og svar på kvar av dei vinn ofte over ei med to. Be fornøgde kundar om ein omtale rett etter jobben, med ei lenkje dei kan trykkje på, og svar på alle, både gode og dårlege.

5. Nettsida seier ikkje kva du gjer og kvar

Google les nettsida di for å forstå kva du tilbyr. Står det berre «Velkomen til oss» på framsida, har Google lite å gå etter. Skriv tydeleg kva du gjer, for kven og kvar, med dei orda kundane brukar: «Rørleggar i Førde og Sunnfjord» seier meir enn «Vi leverer kvalitet». Har du fleire tenester, gi kvar av dei si eiga side.

6. Nettsida er treg eller vanskeleg på mobilen

Dei fleste lokale søk skjer på mobilen. Lastar sida seint, eller må folk zoome for å lese, går dei tilbake til søket og vel nokon andre. Opne nettsida di på mobilen og prøv å finne telefonnummeret og prisane. Tek det meir enn nokre sekund, er det noko å hente.

7. Du er for langt unna den som søkjer

Avstand kan du ikkje gjere så mykje med. Søkjer nokon i Førde, vil bedrifter i Førde ofte kome først. Men du kan gjere det klart kva område du dekkjer: legg inn serviceområde på Google-profilen, og nemn stadene på nettsida. Då har du best moglegheit i dei søka der avstanden ikkje avgjer alt.

Kvar skal du byrje?

Start med Google-profilen og omtalane. Det er gratis, går raskt og gir oftast mest att. Ta så ein runde på nettsida og sjekk at namn, adresse og telefon er like overalt.

Vil du heller at vi finn ut kvifor du ikkje dukkar opp? I Synleg-sjekken går vi gjennom Google-profilen, nettsida og sosiale medium, og du får ei liste over dei tiltaka som gir mest effekt. Vil du at vi tek oss av heile Google-profilen, kan du lese meir om Google-tenesta vår.

Vil du ha hjelp med dette?

Start med Synleg-sjekken, så får du vite kva som gir mest for pengane. Eller meld deg på nyheitsbrevet for fleire tips.

Rull til toppen

Tips i innboksen?

Korte, praktiske råd om Google, sosiale medium og nettside for små bedrifter. Ikkje for ofte.

Ikkje for ofte, berre når vi har noko nyttig å dele. Du kan melde deg av når som helst. Sjå personvernerklæringa.