Nyheitsbrev gir meir sal og sterkare band til kundane dine

Det er lettare å selje noko til ein kunde du alt har, enn å skaffe ein ny. Slik gir nyheitsbrev meir sal og sterkare band til kundane dine.

Eit nyheitsbrev er ein direkte kanal til kundane, som du eig sjølv. Du er ikkje avhengig av algoritmane i sosiale medium. Dei som har meldt seg på nyheitsbrevet ditt, har alt vist interesse, og er motiverte mottakarar av bodskapen din. Med segmentering og personleg tilpassing aukar du engasjement, trafikk og sal, samtidig som kostnaden per kontakt held seg låg.

Automatiske nyheitsbrev, til dømes velkomst, kampanjar og tips, byggjer tidleg ein trygg relasjon til kundane. I tillegg kan du sende ut nyheitsbrev som fortel historier, sel sesongvarer eller tenester, eller løftar fram eit godt tilbod. Det viktigaste er å halde kunden engasjert, slik at han framleis vil ha breva og ikkje melder seg av.

Meir enn sal av varer og tenester

Eit godt nyheitsbrev handlar ikkje berre om sal. Det gir òg nyttig og relevant informasjon. Nyheitsbrev som set produkta eller tenestene dine i samanheng, gir ofte meir sal enn reine tilbodsbrev. Lesaren blir inspirert og lærer noko, og det byggjer tillit og kortar ned vegen til kjøp eller bestilling. Mange oppdagar òg behov dei ikkje visste at dei hadde.

Har du, eller planlegg du, ei stor liste med mottakarar, kan det løne seg å dele henne opp i grupper. Det kallar vi segmentering: kundane blir delte inn etter interesser, demografi og andre kjenneteikn. Nokre kundar høyrer heime i fleire grupper.

Segmentering og personleg tilpassing

Målet er å treffe så godt som mogleg med bodskapen, og samtidig lage breva på ein effektiv måte. Har du tusenvis av kundar på lista, har dei truleg ulike behov og ønskjer innhald som passar for dei. Med litt segmentering og tilpassing kan du få klart fleire kjøp og færre som melder seg av.

Det finst mange måtar å måle effekten av nyheitsbreva på. Med nokre faste nøkkeltal kan du stadig gjere innhaldet og resultata betre. Anten du lagar breva sjølv i eit enkelt verktøy, eller sender tekst og bilete til ein marknadsførar som ordnar resten, er nyheitsbrev eit rimeleg verkemiddel som styrkjer merkevaren din.

Størst effekt innanfor reglane

Nyheitsbrev må følgje reglane for marknadsføring og personvern, som alt anna. Vi hjelper deg å gjere det trygt og effektivt, i tråd med personvernreglane (GDPR).

Vi kan setje opp eit påmeldingsskjema som får folk til å melde seg på, eller hjelpe deg med kontaktane du alt har samla. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil gjere sjølv. Vi gir òg opplæring i kjende verktøy som Mailchimp og Klaviyo.

Inga e-postliste er for lita til å gi resultat. Kvar dag du tilbyr kundane å melde seg på, er ein sjanse til å byggje tillit og hjelpe dei med det dei treng.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt her og få korte tips om synlegheit på nett.

Døme på nyheitsbrev

Her ser du tre nyheitsbrev der Martinussen Media presenterer ulike tenester og informasjon til kundane sine. For di bedrift kunne du løfte fram tenester eller produkt, sesongkampanjar eller anna som er interessant for kundane dine.

Tre døme på nyheitsbrev frå Martinussen Media, vist på mobil

Vil du ha hjelp med dette?

Start med Synleg-sjekken, så får du vite kva som gir mest for pengane. Eller meld deg på nyheitsbrevet for fleire tips.

Rull til toppen

Tips i innboksen?

Korte, praktiske råd om Google, sosiale medium og nettside for små bedrifter. Ikkje for ofte.

Ikkje for ofte, berre når vi har noko nyttig å dele. Du kan melde deg av når som helst. Sjå personvernerklæringa.