Meir som ein kollega enn eit byrå

Martinussen Media held til på Skei i Jølster. Vi har ikkje dyre kontor eller lange rapportar, berre eit ønske om å skape verdi og resultat for kundane våre. Vi kjem gjerne på besøk, for vi jobbar best når vi forstår bedrifta di og marknaden du er i.

Hans-Martin Martinussen smiler med briller, med fjorden i bakgrunnen

Hans-Martin Martinussen

Hans-Martin har 15 år bak seg som leiar i bedrifter som har vakse:

  • Gründar, medeigar og dagleg leiar i Frivannsliv i 13 år. Bedrifta voks frå 2 til 38 millionar kroner i omsetnad og vart Gasellebedrift fleire gonger.
  • Dagleg leiar i AskAdam, eigd av Opplysningen 1881, med ansvar for marknadsføring og TV-reklame.
  • Dagleg leiar i Jølster Boat Tours sidan 2025.
  • Tidlegare styreleiar i Gulen og Masfjorden Næringsråd.
  • Studerer digital marknadsføring ved Noroff.

Han veit kva det vil seie å drive ei lita bedrift med avgrensa tid og pengar, og han er oppteken av at marknadsføring skal løne seg.

Slik jobbar vi

Ærleg

Vi tilrår berre det vi trur gir resultat for deg.

Fast pris

Du veit kva det kostar før vi startar.

Du eig alt

Nettside, profilar og innhald er dine, også om du sluttar hjå oss.

Vi lærer deg

Alle pakkar har opplæring, så du kan gjere meir sjølv.

Lat oss ta ein prat

Rull til toppen