Vi har hjelpt bedrifter som deg

Frå breturar i Fjærland til snikkarar i Bergen. Her er nokre av prosjekta våre.

Reiseliv

Skjermbilete av nettsida til Mountaingoat Guiding på mobil

Mountaingoat Guiding

Breturar frå Skei og Fjærland sidan 2011. Eiga nettside sidan 2023 med løpande oppdateringar, og integrert booking for dei mest populære turane frå februar 2026. Sida hentar kundar utan betalt annonsering.

«Folk vel oss fordi nettsida ser seriøs og proff ut. Online booking har gjort arbeidet lettare og gitt oss fleire kundar på ein enklare måte. Hans-Martin følgjer godt opp, forbetrar sida jamt og er lett å snakke med.»

Gaute Dvergsdal Bøyum, innehavar, Mountaingoat Guiding

Skjermbilete av nettsida til Rødseter Gjestegård på mobil

Rødseter Gjestegard

Historisk gjestegard i Supphelledalen i Fjærland. Romma vart mest selde gjennom ein internasjonal bookingportal som tok ein stor del av inntekta. No har gjestegarden eiga nettside med direkte booking, kopla til same bookingsystem som portalane.

Skjermbilete av nettsida til Girls In Nature Guiding på mobil

Girls In Nature Guiding

Ny guidebedrift som trong ei enkel og proff nettside for å kome i gang. Levert raskt, slik at dei kunne starte å ta imot kundar.

Helse og behandling

Skjermbilete av framsida til Jølster Dyreklinikk på mobil

Jølster Dyreklinikk

Dyreklinikk som opna i eigne lokale i 2026. Råd om merkevare frå start, nettside med tenester, prisliste og kart, og timebestilling på nett.

«Vi brukte Martinussen Media sine digitale tenester ved opninga av ny klinikk på Skei. Ny nettside og andre nødvendige løysingar blei levert raskt og kostnadseffektivt. Vi fekk gode råd og starthjelp til å organisere kvardagen. Kundane finn oss, og vi kan fokusere på kjerneoppgåver.»

Brede Seim, veterinær, Jølster Dyreklinikk

Skjermbilete av nettsida til Helleveien Helse på mobil

Fysikalsk Helse AS

To nettsider, éi for kvar avdeling: Helleveien Helse i Ytre Sandviken og Fysikalsk Helse på Landås i Bergen. I tillegg bedriftsrådgiving.

Bygg

Skjermbilete av nettsida til AH Bygg på mobil

A.H Bygg AS

Snikkarbedrift i Bergensområdet. Hadde berre Facebook, katalogar og MittAnbud. No har dei eiga nettside og Google-profil som viser kvaliteten på arbeidet, og dei positive omtalane har byrja å kome.

Neste referanse kan vere di

Rull til toppen