Vilkår

Enkle og føreseielege vilkår for tenestene frå Martinussen Media.

Sist oppdatert: 15. oktober 2026

Desse vilkåra gjeld for alle tenester frå Martinussen Media, som er ein del av Martinussen Service, org.nr. 991 474 323 MVA, Vikavegen 3, 6843 Skei i Jølster. Tenestene våre er retta mot bedrifter. Står det noko anna i tilbodet eller avtalen din, gjeld det framfor desse vilkåra.

1. Tilbod og avtale

Du får alltid pris og innhald skriftleg før vi startar. Avtalen er inngått når du har stadfesta tilbodet skriftleg, til dømes på e-post. Eit tilbod gjeld i 30 dagar dersom ikkje anna står i tilbodet.

2. Prisar

Alle prisar er oppgitt eksklusive meirverdiavgift. Pakkane har fast pris, og prisen du har fått, held. Arbeid som ikkje er med i pakken, blir fakturert etter gjeldande timepris (sjå Prisar), og vi avtaler det med deg før vi set i gang.

Domene, webhotell, lisensar, annonsebudsjett og andre tenester frå tredjepart kjem i tillegg og blir betalte direkte av deg til leverandøren, dersom ikkje anna er avtalt.

3. Betaling

  • Pakkar under 10 000 kr: faktura ved levering.
  • Nettsider: 50 % ved oppstart og 50 % ved lansering.
  • Månadsavtalar: faktura på førehand. Nettside Trygg blir fakturert for 6 eller 12 månader om gongen.
  • Betalingsfristen er 14 dagar. Ved forseinka betaling kan vi krevje forseinkingsrente og purregebyr etter gjeldande reglar, og vi kan setje vidare arbeid på pause til faktura er betalt.

4. Det vi treng frå deg

For at vi skal levere til avtalt tid, treng vi tekst, bilete, logo og tilgangar til rett tid. Forseinkar materialet seg, flyttar leveringstida seg tilsvarande. Du er ansvarleg for at du har rett til å bruke materialet du gir oss, til dømes bilete og tekst frå andre.

5. Kven eig kva?

Når oppdraget er betalt, eig du nettsida, innhaldet og kontoane som er laga til deg, som Google-profil og sider i sosiale medium. Domene og webhotell står i ditt namn. Vi kan vise oppdraget som referanse, med mindre du seier nei.

6. Endringar og tillegg

Ønskjer du meir enn det som er avtalt, gir vi deg pris før vi startar. Mindre justeringar undervegs er med i pakkane, så langt det er rimeleg innanfor omfanget.

7. Månadsavtalar og klippekort

  • «Synleg kvar månad» har ei bindingstid på 3 månader. Etter det kan avtalen seiast opp med éin månads varsel.
  • Nettside Trygg gjeld for perioden du har betalt for (6 eller 12 månader), og blir fornya dersom du ikkje seier opp før perioden går ut.
  • Klippekort er gyldige i 12 månader frå kjøpsdato. Timar som ikkje er brukte, blir ikkje betalte tilbake.

8. Avbestilling

Avbestiller du eit oppdrag etter oppstart, betaler du for arbeidet som er gjort fram til avbestillinga. For nettsider blir oppstartsbeløpet ikkje betalt tilbake.

9. Resultat og ansvar

Vi gjer alltid vårt beste for at tenestene skal gi resultat, men vi kan ikkje garantere plassering på Google, rekkjevidd i sosiale medium eller tal på kundar. Google, Meta og andre plattformer endrar reglane sine, og det kan påverke resultata.

Ansvaret vårt er avgrensa til det du har betalt for oppdraget det gjeld. Vi er ikkje ansvarlege for indirekte tap, eller for feil og nedetid hos tredjepartar som webhotell, bookingsystem eller plattformer.

10. Personopplysningar

Behandlar vi personopplysningar på vegner av deg, til dømes kundelister eller skjemainnsendingar på nettsida di, inngår vi ein databehandlaravtale. Korleis vi behandlar opplysningar om deg, står i personvernerklæringa.

11. Usemje

Norsk rett gjeld. Vi prøver alltid å løyse usemje i dialog først. Lukkast ikkje det, blir saka avgjord ved Sogn og Fjordane tingrett.

Spørsmål?

Ta kontakt på post@martinussenmedia.no eller 950 76 658.

Rull til toppen